Ellinor Bergli Bustad

 

Om kunstneren

Det er formene, stemningane, fargane som tiltrekk meg. Gjennom kameralinsa kan eg legge merke til delar av verda eg elles ville gått glipp av, og vel heime att kan elementa settast inn i nye samanhengar, gjerne også kombinerast med andre uttrykk. Eit måleri, ei teikning, ein tanke kan ta nye retningar i møtet med fotografiet.

Eller ikkje.

I tillegg til å arbeide digitalt, tar eg også fortsatt svartkvitt-bilete med analogt kamera og eksperimenterer gjerne med gamle fototeknikkar som cyanotypi og van Dyke i mørkerommet.

Motiva finn eg i nærmiljøet mitt. Det handlar om møte med dyr og natur, om kjensla av å vere ein del av ein fellesskap, om engasjement kring det å ta vare på  miljø og historie og ikkje minst om korleis vi menneska set spor etter oss.


Kontaktinformasjon